Kjøp julegåver på fotoelin.no

Gå til fana “Kontakt”, fyll ut skjema, skriv kva du ønskjer – og bestillinga er gjort!

Bok nr. 1 er frå Rogaland mens bok nr 2 er frå Sogn og Fjordane.

Bøker, LED-panel til å ha på veggen, kortpakkar m.m. inkludert prisar – du finn det under dei ulike fanene her. Ta kontakt også om du ønskjer forstørringar av foto t.d. under fana “Galleriet”.

Alle fotografi, sydde produkt og tekstar – bortsett frå i boka “Et liv mellom to stoler” – er hundre prosent skapt av meg sjølv, Elin Rønnekleiv.

OM BØKENE I SERIEN “DET HANDLAR OM Å LEVE”: Bamsen Hans Ludvig Frantzen er ein karakter som kan vere kven som helst av oss, eigentleg. Barn eller vaksen. Mann eller dame. Ung eller eldre. Sprek eller ikkje fullt så sprek. Boka føl “eg”-personen og Hans Ludvig på tur rundt om i Rogaland – og rundt om i følelsar og i ekte liv som levast. Lesaren kan anten bli med her og no – gjennom boka – mimre eller få impulsar til stadar å oppleve i ROGALAND. Boka har kart og historia vert fortalt med fotografi med lettlesen tekst til. Ta turen gjennom boka! Boka frå SOGN OG FJORDANE er lagt opp på samme måte. Mange fleire bøker i serien er under arbeid.

UNIK BOK – skreve parallelt med samtalar mellom ein vaksen elev og meg som spesialpedagog over lang tid

Merete har levd med merkelappen “lettare utviklingshemming” i heile sitt liv. Hennar store ønskje var å skrive ein roman om korleis dette kan opplevast. Eg, Elin, fekk vere spesialpedagogen hennar i vaksenopplæringa – men det er Merete sjølv som har “ført boka i pennen”. Ti år tok det.

Ho har fundert mykje på kvifor samfunnet har sortert folk i båsar – og kva konsekvensar det får for folk som henne. Romanen føl Elisabet Skogstrand gjennom eit heilt år, eit år der vi kjem tett på Elisabet gjennom både kvardag og fest, glede og sorg – eit liv til refleksjon for nokon og ein kvar.

Boka er på bokmål, passar for alle som er interessert i temaet – og er til sals berre via kontaktskjema under fana “kontakt” her hos fotoelin.no – og hos familien til Merete i Molde.

Skund deg å slå til!

Rønnekleiv Tekst & Foto sit no på restopplaget!

Hans Ludvig i Telemark prydar bedriftslokaler

Gledeleg plassering i verdensfotokonkurranse

Nyleg kom denne gledelege meldinga frå Japan Photo, om at desse to bilda mine er mellom mindre enn 20 norske bidrag som blei premiert – av nær ein halv million innsende bilder. Og tenk at bamsen Hans Ludvig også blei anerkjent i konkurransesamanheng. Kjekt 🙂

“Hjertelig takk for at du deltok i verdens største fotokonkurranse – “CEWE Photo Award 2019”. Bildet ditt har gjort inntrykk på juryen, og vi er glade for å kunne meddele at du ble tildelt en plass mellom 31 og 1000.”

Dei to fyrste bøkene om Hans Ludvig Frantzen (HLF-en) er endeleg klare for sal! Leveringsklare frå ca 1. juli. Bestilling og praktiske spørsmål via skjema under “Kontakt” i menyen.

Info om pris, kjøp, betaling og leveringsmåtar finn du under “Bøker” i menyen, for kvar tittel som er lista opp. Under her derimot kan du lese og sjå smakebitar frå begge bøkene samt bokomtale frå ØNH-spesialist Dag Sunde!

Det er allereie åpna for førehandsbestillingar – og du er ikkje fyrst i køen!

UTDRAG FRÅ BØKENE

Utdrag frå DET HANDLAR OM Å LEVE – 1. Hans Ludvig Frantzen i Rogaland
Utdrag frå DET HANDLAR OM Å LEVE – 2. Hans Ludvig Frantzen i Sogn og Fjordane
Baksats på bok 1
Også utdrag frå bok 1 – Hans Ludvig Frantzen i Rogaland

God lesnad!

___

Bøkene er utgjevne på Anker Forlag, som er heileigd av Rønnekleiv Tekst & Foto

Hurra! Har vorten utplukka til landslaget i 28th FIAP Colour Biennial Spain 2019!

Tema for det norske landslaget: Seterliv. På landslaget frå Norge i digitalklassa deltek 20 bilder! Resultata frå konkurransen kjem i slutten av mai. Spennande å delta på eit landslag i internasjonal fotokonkurranse. Å bli utplukka er ein stor siger i seg sjølv!

Bildet heiter: “Levande ysteri på Håvardsrud seter Telemark” og vart teke juli 2018.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Status for bokserien om Hans Ludvig Frantzen – bamsen med to høyreapparat

Bokutgjeving for fyrste gong er ein lang og krevande prosess. Også økonomisk. Året har starta med at Rønnekleiv Tekst & Foto har søkt støtte til m.a. å løfte bokprosjektet ved å kjøpe ekstern, profesjonell bokdesign.

Så langt har firmaet fått støtte frå HLF Rogaland og HLF Jæren, og det hjelper eit godt stykke på veg i budsjettet. Fleire ubesvarte søknadar er sendt , m.a. til Extrastiftelsen. Takka vere støtta som alt er innkomen har firmaet no engasjert ein profesjonell bokdesignar til å starte opp designjobben.

Bokserien har eg kalla “Det handlar om å leve”, og handlar om å jakte på det gode liv trass i vanskar med både nedsett høyrsel og andre utfordringar i livet. Målet no er at bøkene  “1. Hans Ludvig Frantzen i Rogaland” og “2. Hans Ludvig Frantzen i Sogn og Fjordane” begge skal komme ut til sommaren i år – og begge med rabatt til HLF-medlemmer!

Bok nr 3 og 4 blir frå Telemark og Oppland. Stoffet er nesten ferdig innsamla. Vidare held eg på  å samle inn stoff frå Buskerud, Hedmark, Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Hans Ludvig er betatt av m.a. hav og solnedgangar. Slik kan han sitje lenge og berre sjå. Til og med tinnitusen blir borte ei slik stund. Denne marssøndagen på Orrestranda heldt det derimot på å gå heilt gale. Her er alt berre idyll. Men like etter vart han teken av ei uventa stor bølge, og han var på full fart utover havet… Les meir i Rogalandsboka som kjem!

Livsgledeutstilling i Storstova, Bryne, 4.-10.mars 2019

Bryne Fotoklubb vil delta på Livsgledefestivalen med salsutstilling der overskotet går til eit veldedig formål. Alle bilda måler 40×60 cm, blir trykt på aluminium og vil koste kr 500,- pr bilde. Eg vil delta med to bilder, dette er det eine.

“SØTE ORD”

Tekst: Det nyttar ikkje å kviskre inn i eit øyre med høyreapparat! Eit sikrare sjekketriks er å bli sett djupt og lenge inn i augo – attåt eit varmt, godt smil…

Det nyttar ikkje å kviskre inn i eit øyre med høyreapparat! Eit sikrare sjekketriks er å bli sett djupt og lenge inn i augo – attåt eit varmt, godt smil…

Nytt år – nye moglegheiter!

Godt nyttår – til alle kundar og besøkande!

Firmaet er godt i gang, og eit spennande år ligg bak. Har fått selt både bilder, kort og sydde fotoprodukt! Men firmaet går kanskje inn i eit endå meir spennande år. Utgjevinga av den fyrste boka har teke lenger tid enn ønska. Men målet no er at den kjem fyrst halvdel av 2019. Elles var 2018 eit godt fotoår. Høgdepunktet var gull i NM i svart/kvitt-klassa i haustrunden i Norsk Selskap For Fotografi (NSFF).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Du må gjerne ta ein kikk i ELINS BESTE BILDER 2018 her