Om foretaket

Velkommen til sida mi, som tilbyr tenester og produkt innanfor tekst og foto. Eg er ein glad amatør både innanfor foto og skriving, som også likar å glede andre. Desse amatøraktivitetane fyller så stor del av livet mitt, og har vorte såpass godt motteke av så mange, at det har resultert i dette foretaket .

Kan eg formidle stemningar, opplevingar, gode verdiar og uttrykk som gjev andre ei god oppleving, impulsar til refleksjon og ettertanke, gjerne ispedd litt lun humor, så er eg meir enn fornøgd.

Målet mitt er at du på denne sida etter kvart kan finne noko du finn glede i – som du anten ønskjer å bruke sjølv, eller som du kan glede andre med i form av ei helsing eller ei gåve.

Frå hjarte til hjarte…

PERSONVERN

I følge internasjonale reglar som gjeld frå 1. juni 2018 skal eit foretak oppgje kva personvern som gjeld for si nettside. For dette foretaket kan følgande opplysast:

Nettstadsadresse er: https://fotoelin.no

Foretaket er Rønnekleiv Tekst & Foto AS, som er eit lite einpersons aksjeselskap beståande av Elin Rønnekleiv. Kontaktinformasjon: post@fotoelin.no. Eller Øygardsveien 5, 4327 Sandnes.

WordPress samlar ikkje inn personopplysningar gjennom fotoelin.no. Foretaket samlar heller ikkje inn personopplysningar utover det som kunden sjølv legg inn i kontaktskjema her på sida i tillegg til e-postadressa, som kontaktskjemaet krev. Opplysningane kunden legg att i kontaktskjema, som automatisk blir sendt til post@fotoelin.no, blir sletta etter seks månader. Dei blir oppbevart på domenet fotoelin.no brukar (Proisp) og blir ikkje brukt til anna enn sørvis overfor den enkelte kunde. Betaling for varer og tenester skjer gjennom direktebetaling til banken foretaket brukar (Sparebanken Sogn og Fjordane), eller via Vipps. I direktekontakt med kunde brukast også iZettle kortlesar. Følgjeleg er det personvernet desse er underlagt som gjeld då. På rekneskap brukast Klientregnskap, Sandnes, som er underlagt sine personvernreglar. Dei einaste personopplysningane som systemet gjennom fotoelin.no deler med desse som her er nemnde, er det som har med betalingsoverføringar å gjere, slik vi vanlegvis kjenner det frå vårt daglege bank- og butikkbruk.