Bokutgjeving for fyrste gong er ein lang og krevande prosess. Også økonomisk. Året har starta med at Rønnekleiv Tekst & Foto har søkt støtte til m.a. å løfte bokprosjektet ved å kjøpe ekstern, profesjonell bokdesign.
Så langt har firmaet fått støtte frå HLF Rogaland og HLF Jæren, og det hjelper eit godt stykke på veg i budsjettet. Fleire ubesvarte søknadar er sendt , m.a. til Extrastiftelsen. Takka vere støtta som alt er innkomen har firmaet no engasjert ein profesjonell bokdesignar til å starte opp designjobben.
Bokserien har eg kalla “Det handlar om å leve”, og handlar om å jakte på det gode liv trass i vanskar med både nedsett høyrsel og andre utfordringar i livet. Målet no er at bøkene “1. Hans Ludvig Frantzen i Rogaland” og “2. Hans Ludvig Frantzen i Sogn og Fjordane” begge skal komme ut til sommaren i år – og begge med rabatt til HLF-medlemmer!
Bok nr 3 og 4 blir frå Telemark og Oppland. Stoffet er nesten ferdig innsamla. Vidare held eg på å samle inn stoff frå Buskerud, Hedmark, Hordaland, Møre og Romsdal og Trøndelag.
