Bøkene om Hans Ludvig Frantzen er corona-aktuelle!

Bøkene om Hans Ludvig er svært aktuelle no i corona-tida. Mange fleire enn vanleg kjenner seg einsame, og mange fleire enn vanleg ferierer i Norge.

Kvar bok inneheld 10-11 turar som er lett tilgjengelege og kan nåast med bil. Hans Ludvig likar å sette seg på ein stad med utsikt og berre la tankane gå som dei vil. Bøkene handlar om å leve, ikkje minst når livet kan kjennast einsamt og tungt. Bøkene handlar også om å vere ein god ven.

KVA HANDLAR BØKENE EIGENTLEG OM?

Tips til lett tilgjengelege turar

Bøkene om Hans Ludvig Frantzen kan ved fyrste augekast sjå ut til å vere reisebøker frå ulike fylke. På ein måte er det rett. Bøkene er lagt opp som tips til 10-11 turar i kvart fylke, med rikeleg med foto og faktatekst (i lita skrift) om stadane turane går innom – samt kart over fylket der kvar tur er plotta inn. Slik sett er bøkene tips til turar og opplevingar som ein stort sett kan gjere med bil, altså eit alternativ for folk som ikkje klarar å dra på fjellturar til fots – eller som av ulike grunnar ikkje kan dra og oppleve desse turane sjøl. Bøkene kan også vere mimrebøker for folk som har vore der før og kanskje ønskjer å gjenoppleve dette gjennom bilder og tekst. Bøkene kan difor også godt fungere for menneske med demenssjukdom eller andre som treng noko å snakke om.

Ikkje barnebøker, men fungerer også for barn

Ved fyrste augekast kan det også sjå ut som dette er barnebøker, sidan ein bamse prydar framsida av bøkene og er med på mange av bilda. Sidan bildene kan tale mykje for seg sjøl, så viser det seg at bøkene kan fungere godt for born ned i 3-4-årsalderen der ein vaksen fortel litt, barnet ser noko – og forteljinga blir til mens den vaksne losar barnet gjennom boka.

Forteljingar om livsmeistring

Men teksten i bøkene er eigentleg mest for vaksne. Forteljingane med stor skrift handlar om reise på eit djupare plan – om sjølve livet. Der skjuler det seg ofte eit stort alvor bak fasaden. Hovedpersonen er ein bamse med to høyreapparat – som har utfordringar med å høyre, med tinnitus, med å kommunisere og å fungere godt saman med andre – og som stadig opplever seg utanfor. Bamsen kan eigentleg kan vere kven som helst av oss. Namnet hans, Hans Ludvig Frantzen – også kalla HLF-en – er førebokstavane til Hørselshemmedes Landsforbund og brukt med løyve.

Einsam og ufrivilleg einsleg

Hans Ludvig kjenner seg ofte som ein som står utanfor flokken. At han er ufrivilleg einsleg forsterkar denne kjensla. Han drøymer stadig om å få seg kjærast, om å få vere to i livet. Han kjenner seg ofte einsam og nedstemt. Temaet bøkene tek opp er lett å kjenne seg att i for alle som opplever noko av dette, og er difor også svært corona-aktuelle då fleire enn vanleg har kjent seg einsame.

Auka livskvalitet – og sterkare psykisk helse

Helsenorge.no har lagt ut fem råd for auka livskvalitet og sterkare psykisk helse. Dei fem råda til Helsenorge.no er: Knyte band, vere merksam, vere aktiv, gje til andre og halde fram med å lære. «Eg»-personen i bøkene likar å fotografere – og har utfordra seg sjøl ved å reise rundt åleine og ta bilder av vakker natur, kultur, gammal ingeniørkunst og vatn i alle utgåver. Plutseleg ein dag opplever «eg»-personen å sjå alt på ein ny måte då «eg» fann bamsen i ei kasse under gjestesenga. «Eg»-personen leita etter noko å bruke som forgrunn i fotograferinga. «Eg»-personen ser plutseleg at bamsen også har eit liv, eit liv som kanskje ikkje hadde så god kvalitet – bortgøymt og kanskje til og med gløymt. Det er utgangspunktet for alle dei faktiske reisene fotograf og forfattar Elin og bamsen har gjort rundt om i landet. «Eg»-personen inviterer den andre med seg ut på lett tilgjengelege turar og opplevingar. Så blir dei turvenner. Men «eg»-personen slit også med sitt. Det gjer at både «eg»-personen og Hans Ludvig forstår kvarandre. Det gjer godt for begge. Når desse to saman reiser land og strand, gjennom fylke etter fylke, oppstår det naturleg nok også frustrasjonar og gnissingar mellom dei, som krydrar historiene med sitt pårørande-perspektiv.

Om å sjå kvarandre og å bry seg

Teksten i forteljingane leikar seg mellom handlinga i no-tid på tur og i det som skjer på den indre reisa – og mellom menneske-verda og bamse-verda, krydra med humor. Sjangeren er forfattaren sin eigen. Når livet mørknar for Hans Ludvig, ser vi det på pelsen hans. Då blir den flokete. Då søker han ofte opp i høgda. Der sit han gjerne lenge og berre ser utover. Let tida opphøyre. «Eg»-personen har då opplevd fleire gonger at glansen kjem tilbake både i augene og pelsen hans. Då kjenner «eg» lukke.

Mest av alt handlar bøkene om å sjå andre, bry seg, kanskje gje andre ein liten, vennskapleg dytt ut på tur – og vere ein god ven. Det er alltid viktig – og ekstra viktig no i eit corona-ramma samfunn.

BØKENE I SERIEN “DET HANDLAR OM Å LEVE”

Dei to fyrste bøkene er gjevne ut:

1. Hans Ludvig Frantzen i Rogaland (2019)

2. Hans Ludvig Frantzen i Sogn og Fjordane (2019)

Bilder og anna stoff til følgande bøker er samla inn, men blir ikkje produserte før lageret av dei to fyrste er tomt:

3. Hans Ludvig Frantzen i Telemark

4. Hans Ludvig Frantzen i Oppland

5. Hans Ludvig Frantzen i Sør-Trøndelag

6. Hans Ludvig Frantzen i Møre og Romsdal

___

Forfattar og fotograf Elin har laga ein teksta lysbildepresentasjon på 45 minutt med bilder frå alle 6 bøkene, og programmet kan høve for ein kveld i ei forening eller eit lag av mange slag. Tittelen er: “Den utrulege reisa”. Presentasjonen har ein verdi i seg sjølv, men det er eit mål at det alltid skal bli høve til å kjøpe bøkene i løpet av arrangementet. Interesserte må gjerne ta kontakt for å avtale tid og pris på foredraget, når myndigheitene tillet slike arrangement igjen.

Inntekta frå både sal av både foredrag, bøker og andre produkt går til produksjon av bøkene og drift av firmaet, slik at det blir mogleg å gje ut fleire bøker i serien. Firmaet er eit hobbyfirma oppretta ved hjelp av forfattaren/fotografens eigne sparepengar – og er hardt ramma av coronaen. Forfattaren er difor takksam for alt som bidrar til at firmaet kan gå rundt slik at nye bøker kan bli produserte. Det har aldri vore eit mål å ta ut løn.