Det året Hans Ludvig Frantzen blei fødd – 2017

Karakteren Hans Ludvig Frantzen (HLF-en) blei skapt sommaren 2017 – bamsen med  to høyreapparat! Sidan har han vore med meg på mange fototurar og mange hendingar. Kvar tur blei til ei lita forteljing på mi private Facebookside, ein fem-seks bilder der eg også la til nokre linjer med tekst. Slik forma idéen til bøker seg. Tekstane handlar mykje om HLF-en som både har vanskar med å høyre og vanskar med å kommunisere, men som også har sine gode dagar, lidenskapar, interesser, djupe tankar og sakn. Bamsar kan som kjent ikkje snakke. Men det finst fåmælte menneske og. Og folk som verken er åpne eller snakkar om følelsar. Nett som Hans Ludvig.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Som tinnitusramma og høyreapparatbrukar sjølv, så kjenner eg meg godt att i Hans Ludvig sitt liv. Samtidig så er eg hans nærperson og kjenner difor på situasjonar og følelsar som føl med det å leve så tett på ein som ikkje høyrer så godt.

Desse små historiene har vorte til to bøker, og dei bøkene vil eg prøve å gje ut før jul i 2018. Bøkene har fått hovedtittelen: “Det handlar om å leve”. Dei tar altså opp både fine og vanskelege, men gjenkjennbare tema for alle som er ramma av høyrselsvanskar, kommunikasjonsvanskar eller helseutfordringar for øvrig. Men bøkene vil også peike på kva som kan vere det gode liv, trass i utfordringar både med psyken og i mellommennesklege forhold i kvardagen.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Bøkene blir ikkje typiske fotobøker eller turistbøker, men bøker om det å vere menneske. Men dei vil like fullt vere fotobøker frå meir eller mindre tilfeldige stader i Norge. Mange kan ha glede berre av å bla i bøkene og kanskje kjenne seg att på stadar ein har vore, eller skulle ha ønskt å komme.

Når kjenner ein seg utanfor? Og når kjenner ein at ein har det godt? Og kva gjer dette med ein? Til og med små barn har tankar om dette. Bøkene vil difor passe både for barn i samtale med familien, for eldre og andre som ikkje lenger greier å reise – og for folk i alle aldrar som har eit åpe sinn for alt som ikkje går på skinner i livet.

Eg har valt å organiserer bøkene fylkesvis. Det kan altså komme bøker i denne serien frå mange fylker framover, så lenge Hans Ludvig Frantzen og eg held fram med å dra på tur – og har noko å dele med andre. Hans Ludvig er ikkje med på alle bilda. Difor blir også turane ei samling av stemningar og vakre landskap rundt om i Norge – som eg i neste omgang vil dele med publikum gjennom sal av ulike tenester og produkt her.

2017 blei dermed mitt fyrste skikkelege fotoår!