Slik starta fotograferingseventyret

Eg har alltid fotografert, men berre på full automatikk. Samstundes har eg hatt eit sakn etter å verkeleg lære å fotografere. Dette fekk eg fyrst sjangsen til våren 2017. Då blei gneisten litt tilfeldig tent, men den blei så tent at eg så melde meg inn ein ein lokal fotoklubb.

I fotoklubben fekk eg tips om å gjere naturbilda meir spennande ved å ha ein forgrunn. Då var det at bamsen min med to høyreapparat kom fram frå hylla og karakteren Hans Ludvig Frantzen blei skapt. Hans Ludvig Frantzen (forkorta til HLF-en) strevar både med å høyre og å kommunisere, noko som han har felles med omlag ein million nordmenn, og ca 65 000 medlemmer i HLF, Hørselshemmedes Landsforbund. I dette landskapet høyrer også eg heime.

Dette vart starten på uendeleg mange turar med fotoapparatet, både sommar og vinter – og både med og utan Hans Ludvig på bilda. Dette vart starten på eit utløp for kreativitet for meg, både i bøker og bilder, som etter kvart vil bli å få kjøpt her i ulike variantar.

Elin Rønnekleiv