Friluftshelga i Hyen er over, som var mitt store mål så langt i år. Eg går inn i ein periode der hovedaktiviteten min blir produksjon av dei to fyrste bøkene om Hans Ludvig Frantzen, i serien “Det handlar om å leve”. Målet er å ha klar fyrste boka for sal her i nettbutikken november 2018.
I mens er det framleis doble fotokort til sals, med motiv både frå Hyen, Gloppen i Sogn og Fjordane, Finnøy i Rogaland og Jæren. Prisane blir uendra ut 2018.
De finn også sydde dongerivesker og reisemapper designa rundt lokale fotomotiv frå Gloppen her i nettbutikken. Eg har også fotoforstørringar til sals – og vil spesielt slå eit slag for eit 30×60 cm veggbilde med LED-lys bak! Her er motivet Hyen sentrum, men motivet blir vi enige om. Ver berre obs på at det må passe i formatet 1:1 eller 1:2. Bildet leverast med 12W – og det lyser opp ein mørk vegg som ei anna belysning. Fint å bruke der du ikkje har vindu, men ønskjer å gje rommet eit “lysløft med utsikt”. Ramma er kvit.
Ta gjerne kontakt – bruk kontaktskjemaet. Eg sjekkar det dagleg. Ikkje noko spørsmål er for lite – sjølv om enkelte oppdrag kanskje blir for store for meg 🙂