Nytt år – nye moglegheiter!

Godt nyttår – til alle kundar og besøkande!

Firmaet er godt i gang, og eit spennande år ligg bak. Har fått selt både bilder, kort og sydde fotoprodukt! Men firmaet går kanskje inn i eit endå meir spennande år. Utgjevinga av den fyrste boka har teke lenger tid enn ønska. Men målet no er at den kjem fyrst halvdel av 2019. Elles var 2018 eit godt fotoår. Høgdepunktet var gull i NM i svart/kvitt-klassa i haustrunden i Norsk Selskap For Fotografi (NSFF).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Du må gjerne ta ein kikk i ELINS BESTE BILDER 2018 her

Snart jul – mange julegåver å finne her!

Den fyrste boka om Hans Ludvig Frantzen var planlagd å komme ut no til jul. Det skar seg. Både eg og trykkeriet treng lenger tid. Fyrste halvdel 2019 er neste mål.

MEN: Nettbutikken har mange julegåver:

1. Kortpakkar frå Gloppen, Hyen, Jæren og Finnøy – fin julegåve til ei veninne eller ein som har “alt”

2. LED-panelbilder – motiv frå Gloppen og Jæren. Flott og spesiell julegåve! Kan leverast før jul endå ei stund!

3. Bildeforstørringar – oppdaterte motiv frå mange stadar – sjekk Galleriet! Lagar på bestilling frå deg. Vi avtalar storleik, type og pris

4. Sydde vesker og mapper med fotomotiv frå Gloppen – sjekk knappen over!

Eg blir å treffe med varer for sal på Førjulskaféen i Hyen, Gloppen torsdag 6.desember kl 13-17:30!

Der vil dette bildet bli presentert som LED-bilde på veggen!

Straumsbotnen, Hyen i Gloppen

Seinsommar og haust 2018 i nettbutikken

Friluftshelga i Hyen er over, som var mitt store mål så langt i år. Eg går inn i ein periode der hovedaktiviteten min blir produksjon av dei to fyrste bøkene om Hans Ludvig Frantzen, i serien “Det handlar om å leve”. Målet er å ha klar fyrste boka for sal her i nettbutikken november 2018.

I mens er det framleis doble fotokort til sals, med motiv både frå Hyen, Gloppen i Sogn og Fjordane, Finnøy i Rogaland og Jæren. Prisane blir uendra ut 2018.

De finn også sydde dongerivesker og reisemapper designa rundt lokale fotomotiv frå Gloppen her i nettbutikken. Eg har også fotoforstørringar til sals – og vil spesielt slå eit slag for eit 30×60 cm veggbilde med LED-lys bak! Her er motivet Hyen sentrum, men motivet blir vi enige om. Ver berre obs på at det må passe i formatet 1:1 eller 1:2. Bildet leverast med 12W – og det lyser opp ein mørk vegg som ei anna belysning. Fint å bruke der du ikkje har vindu, men ønskjer å gje rommet eit “lysløft med utsikt”. Ramma er kvit.

Ta gjerne kontakt – bruk kontaktskjemaet. Eg sjekkar det dagleg. Ikkje noko spørsmål er for lite  – sjølv om enkelte oppdrag kanskje blir for store for meg 🙂

Friluftshelg i Hyen 28.-29.juli 2018 – besøk meg på salsmessa!

Eg kan tilby følgande:

1. Salsutstilling på desse bilda:

2. Hyen-pakken (4-pk) og Gloppen-pakken (6-pk) med doble fotokort med lokale motiv inkl konvolutt

3. Sydde vesker og mapper av stoff, designa ut frå fotoprint av lokale motiv

4. Førehandsbestilling av bøker “Det handlar om å leve – Hans Ludvig Frantzen i…”. Fyrsteutkast-bøker til gjennomsyn. Bøkene frå Rogaland og Sogn og Fjordane er planlagt utgjevne november 2018-mars 2019.

5. Fototenester på forespørsel

Betaling med kort og Vipps.

Velkommen til ein prat i Friluftshelga i Hyen 2018 🙂

 

Min aller fyrste fotokort-kolleksjon er no til sals!

Ved hjelp av doble fotokort medfølgande kvit konvolutt – med 4 ulike pakkar å velge mellom – kan du no sende gode ord frå hjarte til hjarte – til nokon du bryr deg om, og som garantert vil bli glad for å få ei slik helsing frå deg!

Korta er romslege – ja, perfekte til å skrive eller lime inn eit dikt – eller lime inn eit personleg fotografi, eller pengelomme – på eine innsida, og så skriv du nokre personlege ord på den andre sida – og baksida, om du også treng den plassen. Du kan også skrive eit brev på pc, som du så skriv ut og limer inn på innsida av kortet. Kva du gjer utav innsida av kortet er opp til deg – eg har berre lagt grunnlaget!

Du kan altså velge mellom 4 ulike kortpakkar som inneheld 3-6 kort. Same kor du bur i landet kan du velge Jæren-pakken, nederst til høgre, som har tre generelle motiv frå Jærstrender. Dei andre pakkane har ei sterkare lokal tilknytning  – til Finnøy i Rogaland og Hyen og Gloppen i Sogn og Fjordane. Sjå motiva under fana fotokort!

NB. Fargane på dei trykte korta kan avvike litt frå fargane du ser på skjermen.

ÅPNINGSKAMPANJE – SLÅ TIL NO!

Prisane på kort og frakt gjeld ut juli 2018. Kjøp ved å bestille i kontaktskjemaet. Slå til i løpet av sommaren – og utnytt fraktmoglegheita ved å kjøpe mykje på ein gong! Og gled mange du er glad i – med gode ord frå hjarte til hjarte…

 

Det året Hans Ludvig Frantzen blei fødd – 2017

Karakteren Hans Ludvig Frantzen (HLF-en) blei skapt sommaren 2017 – bamsen med  to høyreapparat! Sidan har han vore med meg på mange fototurar og mange hendingar. Kvar tur blei til ei lita forteljing på mi private Facebookside, ein fem-seks bilder der eg også la til nokre linjer med tekst. Slik forma idéen til bøker seg. Tekstane handlar mykje om HLF-en som både har vanskar med å høyre og vanskar med å kommunisere, men som også har sine gode dagar, lidenskapar, interesser, djupe tankar og sakn. Bamsar kan som kjent ikkje snakke. Men det finst fåmælte menneske og. Og folk som verken er åpne eller snakkar om følelsar. Nett som Hans Ludvig.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Som tinnitusramma og høyreapparatbrukar sjølv, så kjenner eg meg godt att i Hans Ludvig sitt liv. Samtidig så er eg hans nærperson og kjenner difor på situasjonar og følelsar som føl med det å leve så tett på ein som ikkje høyrer så godt.

Desse små historiene har vorte til to bøker, og dei bøkene vil eg prøve å gje ut før jul i 2018. Bøkene har fått hovedtittelen: “Det handlar om å leve”. Dei tar altså opp både fine og vanskelege, men gjenkjennbare tema for alle som er ramma av høyrselsvanskar, kommunikasjonsvanskar eller helseutfordringar for øvrig. Men bøkene vil også peike på kva som kan vere det gode liv, trass i utfordringar både med psyken og i mellommennesklege forhold i kvardagen.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Bøkene blir ikkje typiske fotobøker eller turistbøker, men bøker om det å vere menneske. Men dei vil like fullt vere fotobøker frå meir eller mindre tilfeldige stader i Norge. Mange kan ha glede berre av å bla i bøkene og kanskje kjenne seg att på stadar ein har vore, eller skulle ha ønskt å komme.

Når kjenner ein seg utanfor? Og når kjenner ein at ein har det godt? Og kva gjer dette med ein? Til og med små barn har tankar om dette. Bøkene vil difor passe både for barn i samtale med familien, for eldre og andre som ikkje lenger greier å reise – og for folk i alle aldrar som har eit åpe sinn for alt som ikkje går på skinner i livet.

Eg har valt å organiserer bøkene fylkesvis. Det kan altså komme bøker i denne serien frå mange fylker framover, så lenge Hans Ludvig Frantzen og eg held fram med å dra på tur – og har noko å dele med andre. Hans Ludvig er ikkje med på alle bilda. Difor blir også turane ei samling av stemningar og vakre landskap rundt om i Norge – som eg i neste omgang vil dele med publikum gjennom sal av ulike tenester og produkt her.

2017 blei dermed mitt fyrste skikkelege fotoår!

Slik starta fotograferingseventyret

Eg har alltid fotografert, men berre på full automatikk. Samstundes har eg hatt eit sakn etter å verkeleg lære å fotografere. Dette fekk eg fyrst sjangsen til våren 2017. Då blei gneisten litt tilfeldig tent, men den blei så tent at eg så melde meg inn ein ein lokal fotoklubb.

I fotoklubben fekk eg tips om å gjere naturbilda meir spennande ved å ha ein forgrunn. Då var det at bamsen min med to høyreapparat kom fram frå hylla og karakteren Hans Ludvig Frantzen blei skapt. Hans Ludvig Frantzen (forkorta til HLF-en) strevar både med å høyre og å kommunisere, noko som han har felles med omlag ein million nordmenn, og ca 65 000 medlemmer i HLF, Hørselshemmedes Landsforbund. I dette landskapet høyrer også eg heime.

Dette vart starten på uendeleg mange turar med fotoapparatet, både sommar og vinter – og både med og utan Hans Ludvig på bilda. Dette vart starten på eit utløp for kreativitet for meg, både i bøker og bilder, som etter kvart vil bli å få kjøpt her i ulike variantar.

Elin Rønnekleiv